Problem med deliberasjon
Deliberasjon tyder rådslaging eller overveiing og er den formen for konfliktløysing og politisk beslutningstaking som dominerar i dagens demokrati. Ein kan finne spor etter tankegangen allereie i antikken, og i idéane om folkestyre frå opplysningstida. Dei formulerte ideala for deliberasjon kjenner me imidlertid frå den tyske filosofen Jürgen Habermas (1929-) sine verk: Partane eller deira representantar skal samlast i rasjonell diskusjon; alle fakta skal leggjast fram og; deltakarane i diskusjonen skal, utan tanke for eiga vinning, kome fram til den beste løysinga for alle pårørande (Gripsrud, 1999: 236). Både politiske og private former for beslutningstaking baserar seg på ein slik tankegang.
I boka Infotopia (Sunstein, 2006) argumenterar juristen Cass Sunstein for at deliberasjon har svakheiter, spesielt med tanke på aggregering av informasjon. Med henvisning til fleire døme (Sunstein, 2006: 45-48) meinar Sunstein å kunne påvise fire store feilkjelder ved deliberasjon:
Skjulte profilar er ein betegnelse på kunnskap som ei gruppe har potensiale til å få tilgang på gjennom medlemmane sine, men ikkje utnyttar – nokon i gruppa veit noko dei ikkje delar med resten. I følge Sunstein oppstår skjulte profilar på grunn av common knowledge-effekten – den informasjonen som er mest utbreidt i ei gruppe har ein tendens til å dominere, fordi folk har lettare for å bekrefte eigne haldningar enn å tileigne seg motstridande. Såleis kan viktig informasjon fort bli halden tilbake.
Kaskadar tyder i denne samanhengen at medlemmar i ei gruppe overser eigen informasjon og lar seg rive med av andre medlemmar i gruppa. Informasjonskaskadar inntreff når ein skiftar standpunkt i ei sak fordi ein ser at mange andre støttar det, og ein antar at desse har meir eller betre informasjon enn ein sjølv. Reputasjonskaskadar inntreff når ein skiftar standpunkt i ei sak for å unngå konfliktar med andre medlemmar av gruppa. I begge tilfelle kan viktig informasjon forsvinne utan at nokon veit om den kunne vore nyttig eller ikkje.
Gruppepolarisering er eit fenomen som oppstår i grupper der mange av- eller alle medlemmar har like eller liknande haldningar. I slike situasjonar vil medlemmane oppleve at deira eigne meiningar er delt med andre og såleis bli sikrare på at dei er rette og/eller velbegrunna. Ofte vil dei då også bli opne for å gå lenger i denne retningen og innta meir ekstreme synspunkt. Meir om polarisering.
Forsterking av feil. Menneske er dårlege på å anslå sannsyn. Når me blir tvinga til å gjere antakelsar gjer me ofte feil. I deliberative grupper har desse ein tendens til å bli forsterka, framfor korrigerte gjennom rasjonell argumentasjon. Det fins altså inga sikkerheit i å ha mange medlemmar i gruppa – snarare tvert i mot. Meir om bias og feilslutningar.
Desse feila, utdjupar Sunstein, har sine opphav både i eigenskapar ved situasjonen og eigenskapar ved menneske. Bortsett frå den allereie nevnte common knowledge-effekten, nevner han at risikoen ved å vere ueinig ofte er stor i forhold til gevinsten. Sosialt press kan, når det oppstår, vere vanskeleg å stå i mot for enkeltmenneske. Studiar visar at folk likar både seg sjølv og andre betre når dei er einige om ting. Me har dessutan ein tendens til å bruke andre menneske som målestokk på eigne haldningar og eigen åtferd. Dette er ei sosial overlevelsesmekanisme, men kan få uheldige utslag i deliberative grupper (Sunstein, 2006: kap. 3).
Følgene av dette er i følge Sunstein at deliberasjon har mange svakheiter og at det medfører ei betydeleg fare for å ta feilaktige beslutningar.
Ei openlys innvending mot Sunstein sine døme og argument i Infotopia er at dei i liten grad kan seiast å gjelde for etiske problemstillingar, som ikkje har rette eller gale svar. Sunstein er sjølv inne på dette i boka, og peikar på at nokre av problema – spesielt gruppepolarisering – imidlertid kan vere feilkjelder for deliberasjon av etiske spørsmål også (Sunstein, 2006: 98-102).
Då dette absolutt kan vere eit alvorleg problem, ligg den største betydninga av Sunstein sine argument likevel i konsekvensane dei har for andre vurderingsspørsmål. Dersom ein held Sunstein sine døme og argument for valide, berørar dei både det private og det offentlege. Sistnemnte er det området der dei har størst betydning for samfunnet som heilheit – i ytterste konsekvens set dei spørsmålsteikn ved grunnprinsippa for offentleg beslutningstaking, som til dømes gyldigheita av norske politiske prosessar. Det vil til dømes bryte med prinsippa for ei demokratisk styreform dersom den sosiale dynamikken mellom regjeringsmedlemma skulle ha meir å seie for styringa av landet enn valgsaker og andre politiske føremål.
Spørsmålet blir då om ein synes Sunstein sin kritikk av deliberasjon berre rammar den utføringa av deliberasjon me har i dag, eller om den også omfattar deliberasjon som ideal. Habermas sin tidlegare nevnte filosofi rundt offentlegheit inneber også at alle som vil kan delta i den offentlege debatten (Gripsrud 1999: 236). Dersom alle med (relevant) informasjon kunne- og-ville forplikte seg til føresetnadane for deliberasjon, kan det argumenterast for at dei problema Sunstein viser til, inkludert informasjonsaggregering, ville forsvinne. Kor vidt ideala for deliberasjon nokon gong har vore fullstendig oppfylte er imidlertid omdiskutert. Mange vil hevde at dei aldri har vore det og sannsynlegvis ikkje kan bli det. I så fall presenterar Infotopia gode argument for at ein offentleg debatt vedrørande deliberasjon som ideal er på sin plass.
Kanskje kan det mest fruktbare svaret vere eit kompromiss. Ei løysing kan vere ei revurdering og forbedring av prossesane innanfor offentleg beslutningstaking, der ein anvender internett og prediksjonsmarknadar (Sunstein, 2006: kap. 4-5). (døme på ein prediksjonsmarknad – Iowa Electronic Markets) På denne måten vil ein kunne distribuere og samle inn den kunnskapen folket som heilheit innehar, og bruke dette til å kome nærmare ideala for deliberativ og demokratisk beslutningstaking.
Kjelder:
Gripsrud, Jostein (1999): Mediekultur, mediesamfunn. Oslo: Universitetsforlaget
Sunstein, Cass (2006): Infotopia. Oxford: University Press

Ja Stig, dette var grundig, klart og reflektert, bra jobba!
Hei Stig!
Dette var en interessant og lærerik tekst! Det jeg lurer på, er om en eventuell deliberasjon i en gruppe av eksperter, vil møte de samme problemene som du har nevnt kan oppstå ved deliberasjon? I slike tilfeller vil vel f.eks. overbevisning om riktighet ved egen kunnskap overstige redselen for å være uenig med resten av gruppen?
Kjære Grevling!
Jeg er imponert. Dette var en knallbra artikkel. Du oppsummerer Sunsteins teorier på en fin og oversiktelig måte, du har knyttet alt opp mot pensum. Under lesningen begynte jeg å lure på om dette bare var en oppramsing av hva Sunstein har skrevet. Men min bekymring viste seg å være ubegrunnet. Du flesker sannelig til med egne tanker og kommentarer (velformulerte og fornuftige sådan) som en stor finale.
Eneste jeg vil rette kritikk mot er at det var utrolig ubehagelig å lese denne bloggen med designet du har valgt.
Fred og hugleik!
Jan Ingar
[...] – Mattis blogg om technorati.com – Stians blogg om Wikipedia – Stigs blogg om problem med deliberasjon [...]
Konstruktiv Kritikk? « Jan Ingars postmoderne narrativ sa dette på mars 6, 2007 kl. 8:57 pm
[...] Stig om Problem ved deliberasjon [...]
Mine kommentarar « Dette blir kjekkare! sa dette på mars 7, 2007 kl. 12:39 am
Ehem! Eg syns tydeleg å huske at eg skreiv kommentar til den her, men den dukka ikkje opp.. Eg er sanneleg gamal.. Vi prøvar igjen. Dette blir kjeks!
Dette er ein veldig god artikkel, og eg syns det er fint at du ikkje har fulgt Sunnstein frå A til Å, men gjort litt grundigare arbeid.
Når det er sagt så saknar eg eit litt djupare dykk i korleis ei anvendig av internett og prediksjonsmarknadar vil føre til ei forbedring av prossesane innanfor offentleg beslutningstaking. Korleis vil bruk av desse “verktøya” føre til at vi blir kvitt Sunnsteins problem ved deliberasjon, og om vi ikkje blir det, kva er grunnen? Du skriv at “Desse feila har sine opphav både i eigenskapar ved situasjonen og eigenskapar ved menneske.” På kva måtar vil situasjonsendringa ved bruk av internett føre til at ein kjem nærmare ideala for deliberativ og demokratisk beslutningstaking? Og er det i det heile tatt mogleg å bruke internett og prediksjonsmarknadar til å forbetre eigenskapar ved menneske?
Du er flink!
Hugz n Kizz3z
Stian
[...] boka ”infotopia” beskriv Cass R. Sunstein fenomenet polarisering, som er eit av dei 4 store problema med deliberasjonsgrupper. Deliberasjon betyr besluttning gjennom diskusjon, det vil seie at gruppa vurderer alternativa [...]
MEVI171-artikkel « Det e det det e… sa dette på mars 7, 2007 kl. 2:04 pm
[...] R. Sunstein har i boken «Infotopia» delt inn i fire problemer med deliberasjon. Et av problemene er at informasjon som finnes blant medlemmer i en gruppe ikke kommer frem, som i [...]
Problemer med deliberasjon « Downtown sa dette på mars 7, 2007 kl. 3:30 pm
Dette var ein bra artikkel ja, og slik eit vakkert språk i tillegg… God drøfting på slutten. Når det gjeld deliberasjon av etiske spørsmål er det vel vanskeleg å kome fram til noko “rett” svar uansett. Slike spørsmål har som regel ingen fasitsvar og vil vel vere like vanskeleg å diskutere i deliberasjonsgrupper som i andre former for rådslaging…
[...] -Stig Magne/Dette blir kjekt: “Problem med deliberasjon” [...]
Kommentarar til andre bloggar « Det e det det e… sa dette på mars 7, 2007 kl. 4:05 pm
Bra skrevet! Du formulerer deg bra og skriver presist og godt. Muligens litt tynt til tider, men det viktigeste er absolutt med.
/cheer
Hei Grevling!
En god og informativ artikkel der du behandler pensum på en selvstendig måte!
Hurra:) Hilsen Tuva
[...] Grevling om deliberasjon [...]
Mine kommentarer « BIU sa dette på mars 7, 2007 kl. 9:19 pm
[...] Wikipedia, også denne skrevet med pennen dyppet i nynorsk. Eller hva med Stigs dype drøfting om problemene med deliberasjon? (også på [...]
Linker til andre blogger: « Jan Ingars postmoderne narrativ sa dette på mars 7, 2007 kl. 9:24 pm
Interressant å lese, siden jeg skreiv den oppgava som liksom skulle presentere deliberasjon. (linka til sida di å forresten.) Så jadda! Fett var det. Peace!