Deliberasjon tyder rådslaging eller overveiing og er den formen for konfliktløysing og politisk beslutningstaking som dominerar i dagens demokrati. Ein kan finne spor etter tankegangen allereie i antikken, og i idéane om folkestyre frå opplysningstida. Dei formulerte ideala for deliberasjon kjenner me imidlertid frå den tyske filosofen Jürgen Habermas (1929-) sine verk: Partane eller deira representantar skal samlast i rasjonell diskusjon; alle fakta skal leggjast fram og; deltakarane i diskusjonen skal, utan tanke for eiga vinning, kome fram til den beste løysinga for alle pårørande (Gripsrud, 1999: 236). Både politiske og private former for beslutningstaking baserar seg på ein slik tankegang.
I boka Infotopia (Sunstein, 2006) argumenterar juristen Cass Sunstein for at deliberasjon har svakheiter, spesielt med tanke på aggregering av informasjon. Med henvisning til fleire døme (Sunstein, 2006: 45-48) meinar Sunstein å kunne påvise fire store feilkjelder ved deliberasjon:
Skjulte profilar er ein betegnelse på kunnskap som ei gruppe har potensiale til å få tilgang på gjennom medlemmane sine, men ikkje utnyttar – nokon i gruppa veit noko dei ikkje delar med resten. I følge Sunstein oppstår skjulte profilar på grunn av common knowledge-effekten – den informasjonen som er mest utbreidt i ei gruppe har ein tendens til å dominere, fordi folk har lettare for å bekrefte eigne haldningar enn å tileigne seg motstridande. Såleis kan viktig informasjon fort bli halden tilbake.
Kaskadar tyder i denne samanhengen at medlemmar i ei gruppe overser eigen informasjon og lar seg rive med av andre medlemmar i gruppa. Informasjonskaskadar inntreff når ein skiftar standpunkt i ei sak fordi ein ser at mange andre støttar det, og ein antar at desse har meir eller betre informasjon enn ein sjølv. Reputasjonskaskadar inntreff når ein skiftar standpunkt i ei sak for å unngå konfliktar med andre medlemmar av gruppa. I begge tilfelle kan viktig informasjon forsvinne utan at nokon veit om den kunne vore nyttig eller ikkje.
Gruppepolarisering er eit fenomen som oppstår i grupper der mange av- eller alle medlemmar har like eller liknande haldningar. I slike situasjonar vil medlemmane oppleve at deira eigne meiningar er delt med andre og såleis bli sikrare på at dei er rette og/eller velbegrunna. Ofte vil dei då også bli opne for å gå lenger i denne retningen og innta meir ekstreme synspunkt. Meir om polarisering.
Forsterking av feil. Menneske er dårlege på å anslå sannsyn. Når me blir tvinga til å gjere antakelsar gjer me ofte feil. I deliberative grupper har desse ein tendens til å bli forsterka, framfor korrigerte gjennom rasjonell argumentasjon. Det fins altså inga sikkerheit i å ha mange medlemmar i gruppa – snarare tvert i mot. Meir om bias og feilslutningar.
Desse feila, utdjupar Sunstein, har sine opphav både i eigenskapar ved situasjonen og eigenskapar ved menneske. Bortsett frå den allereie nevnte common knowledge-effekten, nevner han at risikoen ved å vere ueinig ofte er stor i forhold til gevinsten. Sosialt press kan, når det oppstår, vere vanskeleg å stå i mot for enkeltmenneske. Studiar visar at folk likar både seg sjølv og andre betre når dei er einige om ting. Me har dessutan ein tendens til å bruke andre menneske som målestokk på eigne haldningar og eigen åtferd. Dette er ei sosial overlevelsesmekanisme, men kan få uheldige utslag i deliberative grupper (Sunstein, 2006: kap. 3).
Følgene av dette er i følge Sunstein at deliberasjon har mange svakheiter og at det medfører ei betydeleg fare for å ta feilaktige beslutningar.
Ei openlys innvending mot Sunstein sine døme og argument i Infotopia er at dei i liten grad kan seiast å gjelde for etiske problemstillingar, som ikkje har rette eller gale svar. Sunstein er sjølv inne på dette i boka, og peikar på at nokre av problema – spesielt gruppepolarisering – imidlertid kan vere feilkjelder for deliberasjon av etiske spørsmål også (Sunstein, 2006: 98-102).
Då dette absolutt kan vere eit alvorleg problem, ligg den største betydninga av Sunstein sine argument likevel i konsekvensane dei har for andre vurderingsspørsmål. Dersom ein held Sunstein sine døme og argument for valide, berørar dei både det private og det offentlege. Sistnemnte er det området der dei har størst betydning for samfunnet som heilheit – i ytterste konsekvens set dei spørsmålsteikn ved grunnprinsippa for offentleg beslutningstaking, som til dømes gyldigheita av norske politiske prosessar. Det vil til dømes bryte med prinsippa for ei demokratisk styreform dersom den sosiale dynamikken mellom regjeringsmedlemma skulle ha meir å seie for styringa av landet enn valgsaker og andre politiske føremål.
Spørsmålet blir då om ein synes Sunstein sin kritikk av deliberasjon berre rammar den utføringa av deliberasjon me har i dag, eller om den også omfattar deliberasjon som ideal. Habermas sin tidlegare nevnte filosofi rundt offentlegheit inneber også at alle som vil kan delta i den offentlege debatten (Gripsrud 1999: 236). Dersom alle med (relevant) informasjon kunne- og-ville forplikte seg til føresetnadane for deliberasjon, kan det argumenterast for at dei problema Sunstein viser til, inkludert informasjonsaggregering, ville forsvinne. Kor vidt ideala for deliberasjon nokon gong har vore fullstendig oppfylte er imidlertid omdiskutert. Mange vil hevde at dei aldri har vore det og sannsynlegvis ikkje kan bli det. I så fall presenterar Infotopia gode argument for at ein offentleg debatt vedrørande deliberasjon som ideal er på sin plass.
Kanskje kan det mest fruktbare svaret vere eit kompromiss. Ei løysing kan vere ei revurdering og forbedring av prossesane innanfor offentleg beslutningstaking, der ein anvender internett og prediksjonsmarknadar (Sunstein, 2006: kap. 4-5). (døme på ein prediksjonsmarknad – Iowa Electronic Markets) På denne måten vil ein kunne distribuere og samle inn den kunnskapen folket som heilheit innehar, og bruke dette til å kome nærmare ideala for deliberativ og demokratisk beslutningstaking.
Kjelder:
Gripsrud, Jostein (1999): Mediekultur, mediesamfunn. Oslo: Universitetsforlaget
Sunstein, Cass (2006): Infotopia. Oxford: University Press
Posta på mevi171, Problem med deliberasjon